Illuge Svartehalla

Helsing til Norsk Hærmannsforbund i høve opninga av den nye natte-rastplassen i Bækkadalen, kalla Illuge Svartehalla, for hærfolk av alle kjønn og andre som trur på eit liv etter gapahuken – den heidenske onsdagen to-og-tjugande juli, 979 etter 1030.

Eit minneskrift over husmannen Illuge Svarte, husmann og svartsmed på Stiklastadir.
Født i ei kald esse i 995 – døydde i slaget på Stiklestad i 1030.

“Ung det var du – men aldri vart du hugstolen”

Dei sto på Stiklestad fylka til strid
den gamle og så den nye tid.
Tord Folesson, høgreist – så lenge det varte-
Og bakom han, husmannen Illuge Svarte.
Han skulle stø Tord, slik at Tord kunne merka
at han stod med merket, sjøl om han vart kverka!
Dei hadde øvd lenge
og mykje dei mødde
korleis Tord sku stå
når at Illuge stødde
opp Tord – om Tord blødd
“Om slike ting kan ikkje merkesmenn kødd”, sa Tord
til Illuge som gledde seg over det ikke snødde
og beina skleina ut når han stødde, alt han var kar,
opp Tor, når Tord fram i striden med merket bar.

Og kongen snakka om det som sku veksa
Og dei som sku siga
Om dei som blir kreksa
Om dei som til Kvitekris’n sku stiga
Om blodhemn og manndrap, og dreping og mord
“Og Illuge han støtter ræva på Tord”,
Sa kongen – om alt får på tverke
“vil Illuge støtta Tord Foleson så han støtar merket!”

Så lyfta Tord merket på høge stong
Og Illuga merka eit slag var på gong.
Og hærropa dunde so jordvollen skaka
Og Illuge kjende kor krigen kan smaka
der han stødde Folesson steg for steg
– steg for steg!
– steg for steg!
utan tanke å røma sin veg.
Og for Illuge var det greit Tord var feit og i dugande hold
Og han hadde Tord Folesson som skjold!

Då kjende Illuge Tord vart tung og fåmen og nåmen i stege’
Og skritta til Tord var styggeleg trege
og stogga med svai og sving
så Illuge fekk seg ei skiveutgliding!
Og merka eit spjot rende gjennom buken til Tord
og sneia bort kalve kuken til Illuge Svarte.
Og pina gjorde han reise seg opp der han stod på tverke
og støtta Tord Folesson!
Reiste seg tvert opp på tverke
Så Tord bende framut og støytte merke
i grasvollen ned så det dunde!
Før han døydde! – og seig innunde!

Og soga har ikkje sagt sanninga ho
Om Tord som stupa
Om merket som stso
For under Tord låg ein husmann som stødde
Tord Folesson då han møddest og trødde
så merket til Olav kongen sto støtt.
Og i slik ei nau – så enda ‘kje berre Tord Folesson dau.
Då Tord seig i skiten ned so vart’e
han klemde diverre livskiten ut av husmannen Illuge Svarte!

Husmann må siga
Men merket hans må
I Bækkadalen sitt jordsmonn stå
Og det er det store at alle i flokk
skal heidra hans gravhaug kvar bidige Olsok.
Når alle har vore i skogen og pissa
Og samla seg og knytt skolissa
i Bækkadalen med togn og tål
drikke Illuge Svarte si skål.

Øverste beskytter av Norsk Hærmannsforbund, 22. juli 2009

Foto: L.A. Holme

Arnulf Haga